av Tea Kummen
Ei lita selsdør
på gamle hengsler
går opp.
Og gjætarguten
på sengehjellen
står opp.
Budeia lyfter
frå hafellstauren
eit mjølkespann.
Høyr, bekkebrusen
bryt morgonstilla
ørlite grand - .
Og silingskluten
og spenasmurning
og kakk - .
Ved laugga heng det
ei lita sleipe
og makk.
På stein ved lækja
ligg skurefille
og banketre,
der blanke dropar
av morgondogga
no trillar ned.
I dag vert bølingen
høgfjellslokka
på øvste råk:
Så lang ei dagsferd
på Sekkeflyom -
med tråkk og tjåk.
Nei har du sétt på - .
I nørdre Brandsar
står geitfjøsdør
på vidan vegg - og
der ser eg geiten'
krek alt mot sør!
Tru Sigrid-gjenta
i gamelselet
forsøv seg no?
Det er så stilt
bortpå søre stulen
i kvar ei trå.
Men trøyste meg, da!
Sjå oppå Øvre
- i blåe røyk -
på skorteinspipa
med lasne steinar
ein liten pøyk!
Hysj! Klakk på hella,
så lókó-låten
frå kufjøsgrind,
og kløkk frå bjølla
og dunk i bolken:
no stig ho inn - .
Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen 1953, Dølaringen boklag, 1995, s. 113
11. juni 2013
Morgon på Neto-Sæter
Etiketter:
Kummen‚ Tea,
Netosæter,
Seterliv
Oppi Vigga
av Tea Kummen
No stig eg ned i frå fjell til dal.
Her attanfor ligg den stille klåra,
der er kje f u s k e t for pengar fal,
men helsebot for ein sjuk og såra.
Og småe tjønner og bekk og bre,
dei dreg ein sukk no i nattestunda.
Tru om dei drøymer, ell' kva det er
dei strir med her og når auga blundar?
Tru dei har samvit som røyver på
seg no, og geispar mot morgontimen? -
som skvett og skvamplar og røyner på
når fjellet ventar på solgull-glimen?
Ska' tru om vidda har hjarteklump
der innom yta i brune barmen?
Eg tykte mest at eg høyrde dump
og kakking her nordi Aursjokvarmen - .
Teg still min tanke. Dra skoen av
og stig på kne her på vesle tuva.
For sola sprett over hei og hav,
og no tek myrulla til å duva - .
Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen 1952, Dølaringen boklag, 1994, s. 114
No stig eg ned i frå fjell til dal.
Her attanfor ligg den stille klåra,
der er kje f u s k e t for pengar fal,
men helsebot for ein sjuk og såra.
Og småe tjønner og bekk og bre,
dei dreg ein sukk no i nattestunda.
Tru om dei drøymer, ell' kva det er
dei strir med her og når auga blundar?
Tru dei har samvit som røyver på
seg no, og geispar mot morgontimen? -
som skvett og skvamplar og røyner på
når fjellet ventar på solgull-glimen?
Ska' tru om vidda har hjarteklump
der innom yta i brune barmen?
Eg tykte mest at eg høyrde dump
og kakking her nordi Aursjokvarmen - .
Teg still min tanke. Dra skoen av
og stig på kne her på vesle tuva.
For sola sprett over hei og hav,
og no tek myrulla til å duva - .
Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen 1952, Dølaringen boklag, 1994, s. 114
Etiketter:
Kummen‚ Tea
7. juni 2013
Du høge fjell
Du høge fjell
ti sjog og eld,
du blåe hø
og foss og sjø,
du fuglemyr
og blomster-eventyr,
du kvite tind
og ville vind
som mot me syng,
du brone lyng
du grøne li -
du stille tona mi,
med brus tå æ
frå fonn og bræ
ti vårljos natt, -
på fangade dine
e me sjøl og mine
ska finne att!
Kjelde: Du fjell -, Aschehoug, 1938, s. 5
Etiketter:
Solberg‚ Ragnar
Ved Geitåa
av Rannveig B. Bakken
Eg veit om nokre vegger
og ei værsliti dør
som gjev frå seg
ei kjensle eg aldri
kjende før.
Det fortel om gode dagar
langt inni fjell.
Som gav lindring for smerte
og gjorde ein vel.
Eg vert audmjuk til sinns
når eg dette ser,
og kjensla eg innerst
i sjela ber.
Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 19
Eg veit om nokre vegger
og ei værsliti dør
som gjev frå seg
ei kjensle eg aldri
kjende før.
Det fortel om gode dagar
langt inni fjell.
Som gav lindring for smerte
og gjorde ein vel.
Eg vert audmjuk til sinns
når eg dette ser,
og kjensla eg innerst
i sjela ber.
Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 19
Etiketter:
Bakken‚ Rannveig B.
Kveld ved vatnet
av Rannveig B. Bakken
Kvelden har
gjeve dagen fri.
Ro.
Berre eit
stille vak
gjennom
vassflata.
Myrke tretoppar
i kontur mot
himmelranda
i møte med
ei ny natt.
Ei natt
berre slik
fjellet
gjev det.
Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 18
Kvelden har
gjeve dagen fri.
Ro.
Berre eit
stille vak
gjennom
vassflata.
Myrke tretoppar
i kontur mot
himmelranda
i møte med
ei ny natt.
Ei natt
berre slik
fjellet
gjev det.
Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 18
Etiketter:
Bakken‚ Rannveig B.
Fjellet
av Rannveig B. Bakken
Som berre er der.
Vernar.
Rotbunde hjå oss
på ein merkeleg måte.
Vart med oss på
ferda gjennom årtider.
Som ein støtt
vender attende til
i storm eller stille.
Fjellet gjev oss
ro i sinnet.
Ei gave. Fjellet.
Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 15
Som berre er der.
Vernar.
Rotbunde hjå oss
på ein merkeleg måte.
Vart med oss på
ferda gjennom årtider.
Som ein støtt
vender attende til
i storm eller stille.
Fjellet gjev oss
ro i sinnet.
Ei gave. Fjellet.
Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 15
Etiketter:
Bakken‚ Rannveig B.
2. juni 2013
Gudbrandsdal
av Tore Ørjasæter
Gudbrandsdal med lange armar
krøkjer seg um jøtunbarmar,
sterkt i storkna famntak støypt.
Dalen over alle dalom
som hev gomol ætt i galom
er av Dale-Gudbrand døypt.
Vegafus eg leidi vende
gjenom myr og morkalende
nord-igjennom nørdst på Sell.
Stundom storkna som i strype,
kløyvd i kamp og tronge klype
Dalen upp mot Dovrefjell.
Dovre, Dovre! tungt det dyngjer,
gjenom soga vår det klyngjer
klang av namnet traust og trygt.
Norig, Norig! god er grunnen
for din livsens lagnad funnen,
som på Dovrefjell er bygt.
Kjelde: Dikt i samling, Ashehoug, 1985, s. 62
Gudbrandsdal med lange armar
krøkjer seg um jøtunbarmar,
sterkt i storkna famntak støypt.
Dalen over alle dalom
som hev gomol ætt i galom
er av Dale-Gudbrand døypt.
Vegafus eg leidi vende
gjenom myr og morkalende
nord-igjennom nørdst på Sell.
Stundom storkna som i strype,
kløyvd i kamp og tronge klype
Dalen upp mot Dovrefjell.
Dovre, Dovre! tungt det dyngjer,
gjenom soga vår det klyngjer
klang av namnet traust og trygt.
Norig, Norig! god er grunnen
for din livsens lagnad funnen,
som på Dovrefjell er bygt.
Kjelde: Dikt i samling, Ashehoug, 1985, s. 62
Etiketter:
Dovrefjell,
Gudbrandsdal‚ Sel,
Ørjasæter‚ Tore
Abonner på:
Innlegg (Atom)