Bygdevisur

av Olav Aukrust

Eg bad meg unda, men laut til pers att
og gjera det som min vekkjar sa:
hev klønt ihop nokre vek og vers att
som tidt og trått både gret og bad.
    Det kraup, det ringa,
    det orda inn meg-
    det baud og tvinga
    og kviskra: Finn meg!
Frå kyrre berg-veggen kom ein klang;
men bratt var stigen og leidi lang.

Som ferske dyr-kalven, der han ris
på nakne, doggsprengde fjellet upp
    millom urd og is,
der ville vêr-semla gjeng og krokar
i ringumkring han og blæs og snokar,
der ørn hev susa og jerven jakta:
so varleg vakta
er i si einsemd det dulde liv
som spor meg gjev og til fjells meg driv.
Det var eit lende so skrint og magert,
so armt og fatigt, men endå fagert-
men i sin fagerdom endå hardt,
men livet bivrande vilt og várt.
Dei var so mange,
dei fjell og løypter eg skulde gange,
og fanst det noko i det dei skjenkte,
som skein av lengdom og liksom blenkte,
so var det blanda som gull i flint.
Og finst det her noko mjukt og lint,
so er det gøymt som på løynde stellom
   uppunder fjellom
i vindal vigge den rest av ull
som bleik vart att i ein einer-krull,
ein einsleg kragg som ein sau var innpå
og sleit og klora og reiv sitt skinn på
ein hende gong,
der utesusen og audni song.

Og bygdevisur
kom som élingar brått og susa
med helsebot gjenom sårka sinn.
Gråsteinsfrisur,
i grjot inngravne som jøtulklønur
og sidan slitne i regn og vind.
Stride villstrå i fjellom funne,
i ruskevêr...
Rått og sterkt, gut, og skogarunne,--
ragg og røyte isaman-spunne
på dølagjerd.
Nokre gamle restar, ihopkravde
når knipun' kom.
Etter tid og høve ihophavde
av Ola Lom.

Ver-semla: Den semla som held vakt

Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 219

Kommentarer