Fiskarvise

av Olav Aukrust

Eg fór og fiska og fylgde elvi
   og gjekk og lona til seint på kveld.
   På hausten leid det, og no kom natti-
eg fann meg kvistbrask og kveikte eld.
Eg nørde elden og tende pipa
og såg på va'n um n rakk n'i ripa,-
   eg røykte smått,
   eg drøymde godt,
og blanke glohaugen livde.

Men skyén tettna, og himlen svartna-
   og regnet losna so meinbrått.
Eg berre røykte og let det skure:
"Det er so vidt det vert steinvått."
Men regnet auka på etter kvart, det,
og berre verre og verre vart det,-
   det hølja ned,
   og annas ved
no såg eg haustnatti tok meg.

Eg freista  berge meg best eg kunde:
   "Ondt ofte lider den fiskermand",-
men vêret flødde i svarte natti,
og flaumen slo inn i grøne land.
   Og tora brulta, og regnet strøymde,
høyr lufti susa, det saud og fløymde-
   med gòv og gufs
   kom elvi stups,-
ho steig so fort at - gud-fri-oss!

Eg reiste heiman med gode voner,
   no sat eg arm der i einsleg sut.
På berget låg ho der, endå, stongi-
eg hadde freista å "setja ut".
   Ha' fare nidtruga fisken lengje
og sett og kjent'n men ingen fenge-
   det var då rart
   um det ikkje snart
gjekk på agnet ein som for-åt seg!

Det var så leidt ljota slutte tomhendt
og koma heim att med ugjort verk...
Eg vitja stongi og - vampa innpå
ein sluk som vog sine tvoll-tri merk'!
Men nifs hekk natti med våte vengjer,
det va' 'kje tenkjande hevle lenger -
   det spraka i
   ei torslått-rid -
det var nok best taka hyven!

Eg gjekk og tvava i myr og møre,
og kragg og trollskog i regnet flaut.
Det var so skumt gjenom oreskogen -
eg vart so dyrjande gjenomblaut.
Og ville, ofsne kom alle grøven',
det stinka steinsprang - eg kjende bøven
   av eitkvart ilt
   og vondt og vilt -
det var so nifst at eg nyvdest!

Det gusta elv uti høge hamrom, -
det skolv skogstjernur i drìvet vått.
Der stod ho einsleg, den gamle løa,
her var so elvkaldt og skodde-glått.
Her skulde eingong ein mann ha hengt seg,
det var det verste eg kunde tenkt meg -
   eg la på sprang,
   eg la meg lang -
eg flaug det meste eg orka!

Eg sleit meg heim frampå morgonsida,
og våt og valen eg skolv og fraus.
Det glatt no, lel, at eg gjorde "raudhauk" -
eg va' 'kje den som va' fiskelaus...
Um flaum og hamrar eg låg og drøymde,
og fossen rauta, og elvi strøymde
   endå ein gong
   med galdresong, - .
eg sov til langt frampå dagen.

Va'n: Snøret
"Setja ut": Gjera stonga fast
Tvoll-tri: To eller tre
Bøven: Biven, redsel
Glått: Bleikt
Vera "raudhauk": Vera utan fangst

Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 235

Kommentarer