Gneisten

av Olav Aukrust

Ein gneist slo ned!
Og sidan eld og aldri fred-
kva vil det meg?
Frå Norigs fyrste barndomstid
rann upp ei røyst so rein og blid:
"Kom denne veg!
Me kann 'kje liva kvar for seg."--
Det lét seg att;
men omar enn frå fjellet bratt
som Norigs berg- og bjørkemål;
og gneisten vart eit bål.

Du sjel av eld
på Norigs harde, nakne fjell:
kven er du lel?
Eg veit det nok - du er den makt
som byd meg halde vardevakt
- i alle vêr -
um det som norskt og Norigs er.
So feng meg då!
Og lat meg eld av din eld få,-
og brenn og bruk meg, heil og all,
og hav meg i ditt vald.


Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 207

Kommentarer