Natt ved Kristen-stein

av Rolf Vang

Seinsommar-natt.
Brådjupt, svart vatn
ved Kristen-stein.
Har stått her og
slengt marktugga -
sett det mjuke mørket
koma umerkande
som eit blått slør
over Bu-landet.
Knirk frå ein båt
i sig under landskuggen.
Plask frå elg
som beitar i storrgraset
ved Oddvoll.

Underleg - er liksom
ikkje åleine her lenger.
Steinen mørknar
mot gråskodda
over vatnet.
Kven var du, Kristen
som namngav steinen
i vasskanten på Mugmo`n?
Sagnet seier du bleiv her -
kanskje ei mørk natt
som denne?
Ein veik nattvind
lagar små skvulp
under landtorva -
slik fjellnatta har kviskra
i tusen år

---

Båten som rodde
har lagt inn.
Ei ljosglo tendest -
einsam i eit fjernt buglas.
Vil ikkje vedgå det -
er ikkje redsle,
berre ei underleg,
naken nattkjensle,
som ei spent sitring
av vakne strenger,
djupt i meg sjølv.
Berre eg - eit menneske,
i ljosringen frå bålglørne
ein nattetime ved Kristen-stein.

Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 14

Kommentarer