Som noko av æve

av Rolf Vang

Langt inni aude
marker,
der folk sjeldan
trør,
ligg Søljukollen
under Markaberget.

Søljuskogen gror
kring vridde stubbar.
Skyt renningar
mot livet.
Her henta plassfolket
nautberging
når vårsvelta
pinte - og marka
låg kvit av snødrev
i mai.
Var så merkelg
vårkjømt, her.
- Sølju blømde
så tidleg
under Markaberget.

Rart å gå her.
Snauhogde står
dei underlege kallane
midt i grønt liv.
Ein sansar
det underlege livet,
- som noko av æve.

Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 32

Kommentarer