Bergbruri

av Aslaug Vaa

Kvar er lykka?
Stundom i eit vatn der himilen speglar seg 
der nutar og lidar og nes sym
som i ein glidande draum.

I kveld er det i eit fjøllvatn, mektugt og breidt
med æar som fysser uti,
kvite av isen fraa fennan paa vidda.
Og bratte reinar
med bjørkekrullar
og rape og viu og tett grøn brisk
stend paa skallen i vatnet.

Ei bergbrur stod i ufsi og sprikte med den kvite
                                                                 serken sin
og spegla seg att djupast i vatnet,
med´ tusen sjønnur dansa ut fraa dei grøne skaalin.

Ho er som lykka millom to menn´skje.
Ho er ikkje tidt aa finne,
men ein dag stend ho der,
i harde berget,
og daa er ho ansleis enn alt anna.

Naar bergbrurin speglar seg i myrke fjøllvatn,
er det to som smiler til einannan,
er det to som vaknar or draumen sin.
Naar bergbrurin drys sjønnun sine ivi vassflata
er det to hugar som flyt ihop
og laugar seg paa djupet
og leikar seg med blaa himil og kvite skyir.


Kjelde: Nord i leite, Gyldendal Norsk Forlag, 1934, s. 65

Kommentarer