Bøn i berg

av Ragnvald Skrede

Stakkaren stunde i brattast berg:
Gje meg ei hand!
Han svimra, han fraus i sin inste merg:
Hjelp meg du som kan!

Kvi kleiv du opp i så farleg fjell?
Gje meg ei hand!
Du klagar, men sjølv har du skulda lel.
Hjelp meg du som kan!

E g skal få hjelpe deg, kjære bror –
her er mi hand.
Ja, livet er flokut og faren stor.
Hjelp oss den som kan!

Kjelde: Den kvite fuglen, H. Aschehoug & Co. 1955, s. 55

Kommentarer