Heimkjenning

av Tor Jonsson

Det er dei same fjell som før,
det er den same sol som blør
på tind og nut.
Og dei eg vende odd imot
er runne av den same rot,
med same sut.

Her dryp det dogg  i Trongdalsnatt
og logar over løynde skatt
i Skuggeli.
Ein dom er over livet sagd:
Du skapar brød, du skapar bragd
i dagsens strid.

Den same nakne kvasse egg
med ørnereir i bergevegg
høgg skyer sund.
Og same skyming sveiper inn
ei sumarnatt når dalen min
sig stilt i blund.

Det bevrar sol i blanke sva,
det susar vind i tusen blad
med stråleblenk.
Og sola gyller tind og glar, –
ho seglar fram att i eit skard
med siste skjenk.

Sjå elvestilla fær sin eld
av soleglad imellom fjell.
Den gråe grend
ligg glødd som tind i morgongry
av strålestriling gjennom sky.
Og hjarta brenn -


Kjelde: Mogning i mørkret, Noregs Boklag, 1943, s. 63

Kommentarer