Kjærleikssong ved tjørna

av Tor Jonsson

I einsemda såg eg tjørna
spegla dei sløkte dagar.
Sorga som kvelden sende,
vart alltid ei lengsle mot deg.
I blånane nedafor berget
såg eg stjerner vart tende.

Og møter eg augo dine,
ser eg i same djupet.
Bilete av berg og stjerne
ber skimrande bod frå ei sjel.
Eg ser inn i æva når elden
flarar opp i det fjerne.

Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 96

Kommentarer