Morgonglede

av Jan-Magnus Bruheim

Det er slik ein vakker morgon
då heile verda syng!
Eg vassar i fjellkjørr og eine
og over mose og lyng.

Brått flaksar ei rype or lynget.
Som om ho har skadd ein veng,
brukar ho berre den eine,
medan den andre heng.

Eg er ikkje lett å lure,
eg veit at ho gjer seg til
fordi eg er nære reiret -
Og eg blir ståande still.

Ilt er å sjå og høyre
korleis ho klagar seg.
Eg freistar å herme låten,
og ungane flokkast kring meg!

Du trur meg vel ikkje kan hende?
Eg veit ikkje kva du gjer.
Men fem kyllingar renn gjenom lynget
og kjem meg så nær, så nær!

Det er mest så eg græt av glede
for dette som eg får sjå.
Rypemor treng ikkje reddast
for reiret med alle dei små.

Kjelde: Morgonglede: barnedikt, J. W. Eides forlag, 1986, s. 5





Kommentarer