Oppi tindom

av Tor Jonsson

Dagen står kald kring vårt hjarte
i otta før gravsens gry.
Kring dagen står fjella svarte, –
stengt er det alle stader
med tind over tind mot den bleike sky.
Eg fylgjer dagen mot soleglad
og drygjer i einseto øvst oppi tindom –
Men alle tindar skal natta ta –

Kjelde: Ei dagbok for mitt hjarte, Noregs Boklag, 1951, s. 48

Kommentarer