Under Krongluthø

av Vegard Vigerust

Siste gneisten 'tå evigheite
kan ailder slokne som glo!
Dit inn vil sjæle mi vænde
når gneisten frå ho ikkje kan tænde
i morkne kvistom tå kjøt og blod.
Da ska eg kvile i upphavs-elde,
liggje og berre glø,
ikkje vera redd for å dø
som denne gloe i såmårkvelde
i bålet her under Krongluthø.
Å, du mitt frosne leitarliv:
Før du oskast mot midnattsleite,
ser eg sjæle mi kor ho sviv
heim åt gloe i evigheite.

Vegard Vigerust
Kjelde: Skimt, 1978, s. 56

Kommentarer