Vårvise

av Olav Aukrust

Det tinar i varme sø'hall,
det brånar i bratte lier, -
det hev ikkje skjett noko snøfall
på lange, lange tider. - -
Våren er eikorleis komen,
ein vert både knipen og nåmen, -
jordi hev ingi ro,
heller ikkje mitt blod.

Gager kvige og stut
er slepte or fjøset ut,
våte, skjelvande mular
verar mot fjell og stular, -
verar mot sol og jord,
kjenner det veks og gror.

Vår'n er i bork vaken -
sevjevåt, spildrande naken
glid no kvite stolken
ut or sleipe holken,
der ung-guten sit og lagar
sylju-fløyta god
i einslege villmark-hagar,
og vekkjer so fagert eit ljod.


Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 501

Kommentarer