Ved Djupetjønn

Aslaug Høydal

Djupetjønn hadde dei sagt
nedi bygdi.
No sat eg her
og stirde mot blanke botnen.
Grøn stein, svarte skuggar.
Soli var det som synte
skuggane,
dei grøne steinane høyrde til.

Rundt dirra lufti
mett av solskin.
Den siste dirr
før haustnettene.

Djupetjønnane
- no ligg dei med blank is
botnfrosne.

Eg stend att med voni
om ein ny vår,
ein ny dirr i lufti
ved Djupetjønn.

Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 19

Kommentarer