Blomen

av Olav Øygard

Den unge blom i dalen sprang
innunder svarte fjell,
der soli lyste dagen lang
og våren kom ut med fuglesang
og eventyr um kveld.

Og blomen veks sitt rike liv
i milde solskinnsdrag
og voggar lett med' draumar sviv,
og vårvind gjennom kruna driv
i unge ljose dag.-

Men dalen låg der høgt mot nord,
frå fjellet snøen skein.
Og fyrr ein visste av eit ord
ei uversrid i dalen for
og skok i nakne grein.

Og blomen ligg der brotna no,
hans unge draumeliv
det var for veikt, og frost og snjo
enn døyver det som fram vil gro
og legg all jordi stiv.

Da våren so for ålvor kom
med rette glans og glod,
og vollen låg med blom i blom,
då var det tomt det vesle rom
der blomen ein gong stod.

Det tungsamt er; men tidt me ser
at livet soleis døyr.
Det ovrar seg, mot soli lær;
men so ei frostnatt ned det slær
som brotne strå og røyr.

ovrar seg: koma fram, syne seg

Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 33

Kommentarer