4. mai 2011

Dei gamle fjelli

av Ivar Aasen

Dei gamle fjell i syningom
Er alltid eins å sjå,
Med same gamle bryningom
Og same toppom på.
I bygdom byggja sveinane,
Og huset stender laust;
Men dei gamle merkesteinane
Dei standa like traust.

På fjellom er det leikande
Å ganga til og frå
Og kring om toppen reikande
Så vidt om land å sjå,
Til havet kring om strendene
Med skip som fuglar små,
Og til fjelli kring om grendene
Med tusen bakkar blå.

Det er så mange hendingar
I bygdom komne til;
Me sjå så mange vendingar
Alt på eit lite bil.
Dei hava snutt om volane
Og flutt og rudt og bygt;;
Men dei gode gamle kollane
Dei standa likje trygt.

Så stod dei gjennom tidene
Vel mange tusen år;
Og graset voks om liene,
Og lauvet kom kvar vår;
Og vinden tok om toppane,
Og vatnet tok om fot;
Men dei gilde gamle kroppane
Dei toko traust imot.

Av hav kom sjømann sigande
Og lengta etter land.
Då såg han fjelli stigande
Og kjendest ved si strand.
Då kom det mod i gutane,
Som såg sin fødestad.
Ja dei gode gamle nutane,
Dei gjera hugen glad.


Kjelde: Fjell i ord og bilde, Samlaget, 1995, s. 8

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar