Vestan um fjell

av Tore Ørjasæter

Då Gudbrand han fylgde far over fjell,
so fekk han sjå fjorden ein vårfin kveld.
Det syne han kann ikkje gløyme.
Og eimbåtar skar i den blanke sjo.
Då song i hugen ein herleg ljod;
det var som han skulde drøyme.

Det var kje so fælande lang veg hell:
Ein dag åt sætri, den andre på fjell,
så fekk han sjå storhave båre
langt ut med dynning og djupblått blek.
Då guten kjenner det syng som eit vek
i sjæli med klang-skjelv og klåre.

Ja, vestanfor fjelle det vide hav
speglar heile himilen av
med endelaus reinleik og røme.
Og dette bilæte liksom ein blom
i hugen hans med sin heilagdom
kvar våren fær ange og bløme.

Kjelde: Gudbrand Langleite, Olaf Norlis Forlag, 1966, s. 28

Kommentarer