Fjellbekken

av Jan-Magnus Bruheim

Blå som eit auga var himlen.
Eg sat her så nøgd og glad
og lydde på fuglesongen
og bekken som rann av stad.

Engspretta surra i graset,
solrosa vermde og skein.
Bekken mulla og tala
der han rann over stuv og stein.

Lenge sat eg og lydde,
men skjøna ikkje eit ord.
Kan hende gjekk han fortalde
om alt han såg der han for?

Frå langt inni breheimen kom han.
Brått skjøna eg noko han sa:
Her renn eg fjellklår, rein og frisk
og er så spelande glad!

Kjelde: Meer grønt er Græsset, Norsk lyrikk for barn fra Claus Frimann til Lillebjørn Nilsen, Cappelen, 1980, s. 109

Kommentarer