Seterminne

av Audun Høgbrenna

Den gamle setervegen
med kjerre, kar og hest,
har vorte til min eigen,
og faste heidersgjest.

Det demrar eit bilete
frå setervang og fjell.
Det lyer som eit ekko
frå ei anna tid i kveld.

Det lever mange minne
frå denne svunne ti'.
Og sep'rator og kinne,
og raut i seterli.

Den vakre seterjenta
som stelte kalv og ku,
ho heldt det pent og reingjort
i fjos og seterbu.

Den dunkle bjølleklangen
og sus frå bekk og å,
la tone i den sangen
ho gjekk og nynna på.

Hesteskoen song mot steinom
når ein såmmår var forbi.
Og fugger'n oppi greinom
song på same melodi.

Den gode setertida,
kjem som fjerne draumar att.
Ho er ofte innom døra
ein gong el' to ei natt.

Eg minnest buferdslasset,
den hausten det var slutt:
Eit spann, ei ostekasse,
ei kinne og ein butt.

Kjelde: Tidsbilete, Snøhetta forlag, 2009, s. 7

Kommentarer