Ved ein kvileplass

av Audun Høgbrenna

Eg kom der ein efta  på heimtur frå fjelle'
og stana og såg meg omkring.
Og gøymt millom stein, på eit vindstille stelle,
låg det att kol i ein haug bak ei helle
og kviskra om gagne ting.

Ein gong kom der ein kar der og sette ned sekken,
han nådde vel kanskje eit mål.
Han tok med seg kjel'n sin, og gjekk burti bekken.
Og her på de turre og vindstille flekken,
her fann han livd åt eit bål.

Han lunka på kaffen, la innpå og brende,
og fyra med måså og kvist.
Eg sette meg ned der og syntes eg kjende
at teven tå kaffe'n hass låg att i lende'
frå da han var innom her sist.

Det kolet som låg att, vil framtida gøyme,
for tida brer over med måså og lyng.
Men slikt som ein fjellvandrar aldri vil gløyme,
det leitar han fram att når tankan' får strøyme
attende dit fjellbekken syng.

Kjelde: Perler i minnet, Snøhetta forlag, 2002, s. 10

Kommentarer