Lengselsfjellan

av Ole Arnfinn Torgersrud

Rondane vart fjellan mine
fyste gongen eg fekk sjå døm.
Alder såg eg fjell så fine.
Og mitt ønskje vart å nå døm.
Om døm låg så avlangt unda
høgdom her på heimestellom,
gjekk eg sia støtt og stunda
mot ein vår i Rondefjellom.

Frå hårt fjell i bygdom våre
lokka støtt det såmmå synet.
Rondane som kvite, klåre
lengselsfjell mot himmelbrynet.
Og ein vårblank påskemårå
vart min lengsel meir enn drømmer.
Eg fekk gli på glitreskårå
mot ein dag eg aldri glømmer.

Gli på flate fjell og flyer
inn mot Rondom. Å, for under.
Heilt te raude fjellsolskyer
varsla kveld og kvilestunder.
Mange år som følgde etter
vart det såmmå turan ofte
over kvite, stille sletter
og i stigning opp mot Loftet.

Rondeturan gav meg någå
som eg alder meir vil miste.
Skjerillhø i vårblå dågå
vart det vakreste eg visste-
Der var freden god å finne
hår eg vandra kring og svinga.
I frå Rondom livi minne
som små lykkebån i bringa.

Og når året snur mot vår att,
lokke desse fjell og dalar.
Ånda etter Vinje går att
evig der, og syng og talar.
Og når eg ein gong skal kvelde
vil eg sist sjå vårfjell skine.
Rondane er lengselsfjellet.
Rondane er fjellan mine.

Det gol ein gauk, Dølaringen boklag, 2001, s. 130

Kommentarer