Barndomsminne

av Elias Blix

Aa eg veit meg eit Land
langt deruppe mot Mord
Med ei lysande Strand
Millom Høgfjell og Fjord.
Der eg gjerna er Gjest,
Der mitt Hjarta er fest
Med dei finaste Band:
Aa, eg minnest, eg minnest so vel dette Land!

Der eit Fjell stig mot Sky
Med si Kruna av Snjo,
Og i Lauvklædnad ny
Det seg speglar i Sjo.
Og det smiler mot Strand
Med si Bringa i Brand
I den solklaare Kveld:
Aa, eg minnest, eg minneste so vel dette Fjell!

Utdrag frå diktet "Barndomsminne"

Kjelde: Nynorsk lyrikk; 25 diktarar - 220 dikt, Selja, 2009, s. 57

Kommentarer