Blomen du gav meg

av Martinus Høgaasen

Vesle venøygde blomen, fødd under Høgfjellsdomen,
anga i sumarvinden eingong ved høge tinden,
lyste i ljose næter ljuv i den blaa æter,
bøygde seg bljugt og vogga,
av morgonen kyst og dogga.

Vesle venøygde blomen fraa storlagde himmeldomen
lokka den ljose gjenta: kom ho for deg aa henta.
I hennar hand du lyste, draumane dyre hyste
ljose som du i sinnet, leika med sol i minnet.

Blomen den veike, vare, tek ho med tankar rare.
Raudnande rundt ho snur seg,
trygg ho - og usedd trur seg.
Blomen ho kjærleg hyste, gøymde han vel ved brystet;
tralla so glad mot dagen i solrike sumarshagen.

Gjenta med mjuke tankar blomane mange sankar.
Men du vart hjarteblomen, funnen ved Høgfjellsdomen.
Og berre ein skal ha han, og berre ein ho ga' han.
Hjarteblomen kom hit, han, fager og fin paa lit, han.

Blomen den blide blenkjer:
Kjærleg ho paa deg tenkjer!
Og eg skal aldri gløyme. Blomen, han skal eg gøyme.
Vesle vene blomen, funnen ved Høgfjellsdomen,
 tender dei tankar yre, kviskrar um eventyret - -.

Kjelde: Vaarbekk vaknar; klunk paa ymse strenger, Norske forfatteres forlag, 1923, s. 36

Kommentarer