Det syng for Storegut

av Aasmund Olavsson Vinje

Han gjekk i Skogen Storegut
ein Dag upp under Breito-Nut,
og som han gjekk der upp og ned
og leitad etter Evnings-Tre,
med eitt som naglad fast han stod;
for mot'n kom eit Gjente-Ljod,
som lokkar Geit og Saud og Ku
mot Kvelden heim til Sæterbud
og bed ifraa seg Bjørn og Skrubb:
og naar ho dette her song paa,
som Taarer kom i Mælet daa:

"Den dag kjem aldri, at eg deg gløymer;
for um eg søver, eg um deg drøymer.
Um Nott og Dag er du like nær,
og best eg ser deg, naar myrkt det er.

Du leikar kringum meg der eg vankar.
Eg høyrer deg, naar mitt Hjarta bankar.
Du stødt meg fylgjer paa Ferdi mi,
som skuggen gjeng etter Soli si.

Naar nokon kjem og i Klinka rykkjer.
d'er du, som kjem inn til meg, eg tykkjer:
eg sprett fraa Stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.

Naar Vinden lint uti Lauvet ruslar,
eg trur d'er du, som gjeng der og tuslar;
naar sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur, det maa vera du.

I kvar, som gjeng og som rid og kjøyrer
d'er du, eg ser; deg i alt eg høyrer:
I Song og Fløyte- og Fele- Laat,
men endaa best i mmin eigen Graat."

Kjelde: Nynorsk lyrikk; 25 diktarar - 220 dikt, Selja, 2009, s. 50

Kommentarer