Njupa

av Olav Nygard

I løynde kraa innimillom fjelle
der er so trivlegt og reint eit stelle.
Ein liten fjellbekk renn utfyr der,
og smaabylgja yver steinen slær.

Der veks ein klungerhekk stor og diger.
Naar sevja uppetter klungen stiger,
daa skyt dei grønaste blad og blom
naar vaaren upp i den rifti kom.

Og blomar ljosraude, andre bleike,
sterk daam fraa sume, fraa andre veike.
Dei staar ikring seg baad' dag og natt,
men daamen misser dei nokso bratt.

Ei stund paa sumaren, so dei stender-
sin gode ange daa ut dei sender,
men fagre blomsterkrans snart fell av,
i svarte moldi han finn si grav.

Og so kjem hausten med snjo og kulde,
daa under snjoen dei heilt vert dulde.
Men naar so snjoen om vaaren renn,
Dei atter grøne og friske stend.

Olav Nygards fyrste barndomsdikt i Norsk barneblad, 1900.

Kjelde: Nynorsk lyrikk, Selja forlag, 2009, s. 179

Kommentarer