Fjellsundag heime

av Lisbet Lid Venås

No ler dei kvite viddene
som eg har fått i gåve.
No spør dei svarte skogane
om dei lyt meire sove
for sola brenn i Skredebrun
og lokkar vårgråt fram.
– No får eg skunde meg or tun
før snøen vert for kram!

Den kvite låma svingar seg
i myrullmjuke lier.
I isband elva kringar seg
og smyg om sølvgrå vier.
Med fjellkvat fart går løypa ned
frå vardetårn på tind.
– No gjeld det om å fylgje med
så snøgg som austavind.

Og fjella – himmeltøygde fjell –
min barndoms trauste vakt
med glim og geisledans i mjell,
dei eig ei blåsval makt.
– Når sola sveiper nut og koll
og sildrar lufta klår
får samangrodde hamartroll
gullkorn i skjegg og hår.

Dei endelause blånane
og sky i sutlaus ro
og dagsens eldbåt brånande
er heile verda no.
– Ein fjellheim full av reint og stilt.
Mi von – som himlen blå.
Solsundagsvinden kjæler mildt.
– Og m i t t – alt eg kan sjå!

Kjelde: Villgras, Fonna Forlag, 1959, s. 39

Kommentarer