Moskuskalven

av Lisbet Lid Venås

Urikkande i storm
på Dovrefjell

Snø
i ragget

Is
kring mulen

Frost
under klauvene

Flokken
tyr saman
tett kring den veikaste

Lagar ein ring i kulden
trygg som ein vegg mot vinden
og farane
Vernar den minste

Tek vare på
framtida!

Kjelde: Jul i Romsdal, 2004

Kommentarer