Snøsøte

(Gentiana nivalis)

av Lisbet Lid Venås

Der du ventar

det minst

møter ho deg,

snøsøta

med si himmel-helsing

Blåare enn alt

som finst

svarar ho deg

- berre dagen

ikkje er for kald




Men gløymer du

å syna varme

vert augo

utan svar

Kjelde: Privat


Kommentarer