Ein gong såg eg fjelli harme

av Stephen Crane

Ein gong såg eg fjelli harme
og skipa i slagline.
Imot dei stod ein liten mann,
ja, han var ikkje større enn fingeren min.
Eg lo og sa til ein attved meg:
"Vil han greida seg?"
"Sikkert," svara han,
"fedrane hans slo dei mange gonger."
Då forstod eg kva fedrane har å segja,
i minsto for den vesle mannen
som stod imot fjelli.

Kjelde: Dikt i umsetjing, Noregs boklag, 1982, s. 35

Kommentarer