Berget i fossen

av Olav H. Hauge

Dei er nifse og agelege,
sidemennene dine òg,
dei med skjelv
so kaldvæta dryp.
Deg ser me ikkje,
men me veit du er der:
ein sterk rygg,
ei ubroti trass
under villdyret som
kastar seg
yver deg
i grønt ras,
tygg skum,
stampar
i botn.

Ein ettersumar kan vinden
slå silkeragget
til sides.
Då ser me
dragi dine:
ikkje kaldgrøne
tærde drag,
men kvitskura
truskuld.

Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 197

Kommentarer