Berget som gret

av Tarjei Vesaas

(Eit bilete måla av Sigmund Lystrup)

Berget gret.
Eit bilete på veggen.
Det flintharde
stupbratte berg.

Ei raud hending skok
steinmassene til det inste.
Berget gret,
og den som laga biletet
måtte gå med dødsbodet
til det unge blod.

Ville bilete dansa for han,
flaut saman frå mange kantar,
der han stod fomla
med blytunge ord.

Slik græt berg.
Slikt krympar hjartet.
Penselen visste det
og leika seg i
eit opent samvet.
Slik vart det diktet om
berget som gret.

Alltid græt berga.
Tusenårs gråt ber dei merke av
når ein kjenner dei.
Berga og gråten
har ein med seg sjølv.

Kjelde: Liv ved straumen, Gyldendal, 1970, s. 108

Kommentarer