Eitt visste du

av Olav H. Hauge

Eitt visste du:
at dårskapen i verdi er berg
som trygt tolde dine horn,
og at ingen gat
meir på kva
du sa, enn
på hunden
hisides fjorden.

Du vilde ikkje rettleida
nokon, - berre eggja
imot berget,
dette skrovberget
som stødt veks,
til det er det einaste
som er att.

Då du merka dei tok til
å lyda på deg,
vart du stuss;
det kunde ikkje vera gneisen
du hadde teke på.

Og du som visste
at dårskapen i verdi
er flinkalde, hoggharde berg
og at vegen til visdom
er endelaus!

Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s.120

Kommentarer