Fjell lokkar ikkje meg lenger

av Olav H. Hauge

Fjell lokkar ikkje meg lenger.
Eg har levt lenge nok millom kalde bredar.
Enno leitar eg meg fram i skogane, lyder
til haustvinden, stoggar ved tjørnane,
fylgjer elvane. Endå seint på året
kan du finna bær der.
Fjell lyt du yver skal du koma lenger.
Nutane fær stå der dei stend méd.

Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 285

Kommentarer