På høgdi

av Olav H. Hauge

Etter lang vandring på uframkomlege vegar
er du uppe på høgdi.
Motgangen kuva deg ikkje, du trødde han
under deg, steig høgare.

Soleis ser du det. Etter livet har slengt deg
ifrå seg og du slumpa til å hamna ovanpå,
lik ein einføtt trehest på sorpdungen.
Livet var miskunnsamt, det blindar og synkverver,
og lagnaden akslar byrdene dine:
Dårskap og ovmod vert berg og blautmyrar,
hat og agg vert sår etter piler frå ovundsmenn,
og tvilen som grov deg, vert
kalde utturka gjel.

Du gjeng inn i bui.
På gruvesteinen ligg gryta kvelvd
og sprikjer fiendsleg  med svarte føter.

Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 198

Kommentarer