Pantebrev

av A. O. Vinje

Eg er som vel du veit, ein fjellets mann,
og derfor dreg til fjells so tidt eg kan,
å friska meg på fly og bratte bryn
og sjå ikring meg alle store syn.

Men etter som eg meir på alder steig,
og foten mindre lett frametter seig,
so laut eg soleis sveiva meg og snu,
at eg i Jøtunheimen fekk ei bu,
der eg ein månads tid kan leva vel,
og styrkja millom fjellom skrott og sjel.

Eg plassen valde etter syn på mange,
ved Bygdins vestre ende på ein tange.
Frå logne heim der ser du tindar vaja,
og Slettmarkhø som likjest Himalaya. -
Med kvite lokkar stend ho som i tankar,
so nett som hægste tinden Gaurisankar.

Eg tri fekk med meg til det byggjeverk,
men endå er min pung so lite sterk
at ikkje eg, som er ein avsett kar,
kan løysa inn min pant i denne gard.
Fem dalar hadd' eg; so var pungen tom,
og fem og tjuge er den heile sum.
Men detta vanta tjug til samskotslag,
det fekk av konsul Heftye eg i dag.
For dette og den gode viljen sin
eg gjev'n pant i denne garden min.
So om eg døyr, hell' dreg av landet ut,
so eig i garden han den fjorde lut,
imot at han fem dalar legger av
til deim som på mitt bu kan hava krav,
forutan alt som etter svart på kvitt,
på garden kosta vert i namnet mitt,
i fall han ikkje vil, som hender tidt,
til andre selja dette pantet sitt,
og draga pantesummen derifrå
hjå deim som garden etter auksjon få.
Til kvert eit nyttår fær han renta plent
i kongens mynt med rettens fem procent.

Og so han hev for Gud og retten sin
det fyrste pant i Eidsbu-garden min
som vel er ny, men derfor god som gyld
og fær nok nummer og matrikul-skyld,
og so i tingets bok eit serskilt rum
på lange, store mugne folium.
Og så som vitne stend her då til svars,
vollmeister Thjøme, archivaren Sars,
som eiga garden etter lodd og linje
isaman med meg,
                                       Aasmund Olsen Vinje.

Kristiania, 28de november 1868.
       Til vitterlidhed:
H. I. Tjøme. E. Sars.

Kjelde: A. O. Vinjes beste, Samlaget, 1991, s. 9

Kommentarer