Stå ikkje der og skrik på eit berg

av Olav H. Hauge

Stå ikkje der
og skrik på eit berg.
Visst er det sant
det du segjer, sant
so det skrell
i blekkspann og fant.
Gå inn i berget,
bygg smidja di der,
mur avlen din der,
glød jarnet ditt der,
syng med du slær!
Me høyrer deg,
høyrer deg,
veit kvar me har deg.

Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 254

Kommentarer