Steinsprang

av Olav H. Hauge

Smiler du, er det
langt burte
- i ein solglim
yver kald snø.

Berre høgd og ålvor
er du. Kven kunde tru
at du frøyser bringeknuten din ut
i tung, drepande stein?

Dei er fårlege, desse steinane,
og lause.
Du stend og lyder etter dei
når dei fer -
høyrer dei krasar i skogen
under deg, flengjer upp
savgule trelegger og rapar lyngtuster
og slikt truskuldig krabbande, klivande med seg
imot djuvet.

Sjølv stikk du hovudet
upp i det blå, kjøler panna
i stride kalde vindar
og plistrar.

 Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 163


Kommentarer