Støl

av Olav H. Hauge

Her mel elvi.
Her susar vinden.
Her stend lushatten som fyrr.

Ein gamal øyk har gnage
stølsvollen snaud,
rundt ruvone stend att
tuster av langt gras
i flugesurr,
dei kjem han ikkje nær.

På steinane ligg
geitene og jortar, læst
inkje sjå.
Dei kliv i alle berg
og bit toppane.

Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 211

Kommentarer