Frå «Ferdaminni fraa Sumaren 1860»

av Aasmund Olavsson Vinje

Fraa Byen det berer.
Eg lyfter paa Hatt.
Gud veit no den Dagen
naar dit eg kjem att'.

Farvel Hovudstaden,
i deg var det best:
der fann eg dei Beste,
der lærde eg mest.

Lat sjaa, du som altid
paa Folk helder Styr!
for Du er den Karlen
som temja kan Dyr.

Men ufrisk i Varmen
eg altid deg fann.
Du er liksom Tanken,
du elder din Mann.

Og derfor til Fjells
vil eg draga som Døl,
og Kjenningar finna
og gløyma meg sjølv.

Kjelde: Ferdaminni fraa Sumaren 1860, s.n., 1861, s. 3

Kommentarer