Under stjernone

av Olav H. Hauge

Kva er det som har drive meg ut
under denne stride morgonhimmelen?
Dei blå, kravstore stjernone,
kva er det dei vil?

Fjelli lovar ingenting, - vik berre
so dei slepper fjorden inn
og elvane ned, og stend
forherda under snøen.

Men skoglidi, skoglidi har kasta seg langflat
og nækt si armod under stjernone.
Det er mi eigi kvide, mi eigi sårnaud
som ligg der jarnsvart og blødande
og sver å grønkast og syngja.

Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 176

Kommentarer