Varde

av Per Sivle
Det høyrdest ved nott
   eit dunder på dør.
Og husbonden vaknar,
   spring fram og spør:
"Kva er det som belar?"
   "Jau, no må de ut!
For varden lyser
   på Høgenut!"
Og kvar mann visste
   i same ande
at no var det kome
   ufred til landet.

Og mennene herklede
   på seg tok,
og skjold og øks
   dei lyfte frå krok,
dei hekta i beltet
   sitt gode sverd,
treiv spjut og boge
   og skunda til ferd.
For kom der dei
   vilde Noreg herja,
so fanst det og dei
   som vilde det verja.

Og alt som varde
   frå varde vart tend,
dei sanka seg saman
   frå grend til grend.
Og fylkingen bygdest,
   og veg han fann,
der føre gjekk høvding
og merkesmann.
Og ufreds-karen
   fekk jamnan smaka
kva det hev på seg
   at vardar vaka.

Og gjev det aldri
   må verta sagt
at landet ligg
   utan varde-vakt.
Og logar kj varden
   på tind og nut,
han logar i hjarta
   hjå Noregs gut.
Ja, brenn, du varde,
   du signade, klåre,
bjartare, høgre
   for kvart eit året!

Kjelde: Per Sivles beste, Samlaget, 1992, s. 26

Kommentarer