Enda fins dæ folk med kaffekjel i sækk

av Vegard Vigerust

Vidda ligg som ei helle tå gull,
og røsslyng og blodlyng har sylvdogg på bla'om,
og sjæle mi kjennest som fjeillmyrull.
Og dær framved stigje attmed ein foss
æ dæ så lugum ein rastplass for oss!
For enda fins det folk med kaffekjel i sækk,
oss tæk 'n fram og tænde bål ved bækk.
Da heild du trufast hanken med ei grein,
e ligg med nakka mot ein solvændt stein
og ser dæ tæva gjønnum tuten.
Ja, sup og svølg og kjeinn
kor mykje styrkjin reinn og breinn!
Og ner du attåt stire' inn i båle,
da æ dæ som um livet nådde måle!

Vidda ligg som ein botn tå bly
og regnskoidda driv over  myrdrag og måså,
og kroppen æ frosin og ynskje' se ly.
Da fins dæ eit bærg som hailla' seg ut,
der ha' dæ rætt samla seg spåkjærring-grut.
For enda fins det folk med kaffekjel i sækk,
oss tende bål om himiln sprækk og lækk.
Da heild du trufast hanken med ein kvist,
e stør meg imot bærgje akkurat som sist
og ser dæ tæva gjennom tuten.
Ja, sup og svølg og kjeinn
kor myrke strykjinn reinn og breinn!
Og ner du attåt stire inni båle,
da æ dæ som um live nådde måle!

Kjelde: Fjellskrift, eige forlag, 2004, s. 13

Kommentarer