Morgon på Neto-Sæter

av Tea Kummen

Ei lita selsdør                                                          
på gamle hengsler
går opp.
Og gjætarguten
på sengehjellen
står opp.
Budeia lyfter
frå hafellstauren
eit mjølkespann.
Høyr, bekkebrusen
bryt morgonstilla
ørlite grand  -  .

Og silingskluten
og spenasmurning
og kakk  -  .
Ved laugga heng det
ei lita sleipe
og makk.
På stein ved lækja
ligg skurefille
og banketre,
der blanke dropar
av morgondogga
no trillar ned.

I dag vert bølingen
høgfjellslokka
på øvste råk:
Så lang ei dagsferd
på Sekkeflyom  - 
med tråkk og tjåk.

Nei har du sétt på  -  .
I nørdre Brandsar
står geitfjøsdør
på vidan vegg  -  og
der ser eg geiten'
krek alt mot sør!

Tru Sigrid-gjenta
i gamelselet
forsøv seg no?
Det er så stilt
bortpå søre stulen
i kvar ei trå.

Men trøyste meg, da!
Sjå oppå Øvre
  -  i blåe røyk  - 
på skorteinspipa
med lasne steinar
ein liten pøyk!

Hysj! Klakk på hella,
så lókó-låten
frå kufjøsgrind,
og kløkk frå  bjølla
og dunk i bolken:
no stig ho inn  -  .

Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen 1953, Dølaringen boklag, 1995,  s. 113

Kommentarer