Haust i fjellskog

av Ola Dahl

Grå himmil
hengt lågt ned
over høgdene
under
skogsviddene
med sitt grøne velde,
si stille einsemd.
Inn i dette tunge
hav av grønt,
flekker av
blodraudt rust og gult.
Ildsøyler av osp.
Gule øyer av bjørk.
Grå slør
driv etter dalsida.
Skoddeflak
tyst, lydlaust
sviv
umerkjeleg
gjennom grøne granspir
glir burt
som ånder
ut i ingenting.
Dimt duskregn
slit uttu skodda.
Lyng og kjørr
græt
glinsande, tårevåte.
Græt
i blodraudt
i rust, i irrgrønt.
Alle dei tusenvis
fløytande strupar
som fylte
sommarens skogsøde
er burte.
Trist stille
trykkjer varsamt
i moll
mot nakne sinn.
Berre ein ôm,
eit sjo,
langt derute-frå
syng sårt
stig og søkk
med verdraget.
Som døyvd bekkjesilder -
skjelvande, sildrande osp
i kveldstrekk.
Visna lauv
raslar stilt
mot regnvåt lyng.
Greiner kler seg nakne
strekkjer seg stivt
sprikande
trist, fortapt
mot skytung himmil.
Haustfjell
gråtande
stille lydande
vemodsfylt ventande
sitt kvite laken.

Kjelde: Dikt og prologer fra Sel,  1985, s. 76

Kommentarer