Åt Veltbu`n

av Hans Nygård

Far vel Veltbu å takk for lag,
nå lyt e fløtja ned frå deg idag.
Dæ stussleg æ, å sjøljast ve,
den som har gjort ein gla tå se.
E takka lyt for alt e feinn,
som mjukt å stilt igjennom tankein reinn
E æ så gla, for alt du sa,
for vakre minne du me ga.
Einsleg gjekk e ve deg og rusla,
mæ eigne tanke e heilst for å tusla,
å, gje e ein gong fekk følgje mæ
der heilst døm æ.
Kven veit um meir du famnar me,
når e åt folk i dale lyt tå ne.
Når mørke for i dale der,
min hog seg leikar uppå her.
Ja, hulder kom nå å fløtt inn
Veltbue må du heille rein å fin.
Du ofte fæ, nok fremon der
når hogen min åt dale fær.
Kjære minne som vart se dølje
har e mæ me som au gje følgje
men gla i hog ta imot me lell,
far vel - far vel.

Kjelde: Dikt og prologer frå Sel,1985, s. 96.

Kommentarer