Brennfang

av Jan-Magnus Bruheim

I dagar og år har eg lege
og venta på han
som skulle koma -

Ber du eld i hendom?

Morgonstjernone brenn
strålar med kalde logar
over burtlengste fjell.
Ikkje kan dei
mildne min dag,
ikkje kan dei
kveikje eld.

Solvarme strålar
fangar eg inn.
Hundradtals sumardagar
angar i veden min.

Kjøldi kvesser mot kveld -
Ingen løyser min bundne varme.
Ingen ansar at i min ved
søv det ein ubrukt eld.

Måneskin ser eg leike
ut over kvite vidder.
Snøstjernor gneistar
på stuven min,
men kan ikkje kveikje
så eg får bli
det eg tenktes til:
Ein loge som lyser,
ein eld som vermer.

Lynblenk skjer over dalen.
Toredøn rullar
bak nære fjell.
Fåfengt ventar eg blenken
om kveikjer min eld.

Kjelde: Vide er vegane, Aschehoug, 1960, s. 16

Kommentarer