Det skein ei sol -

av Aslaug Vaa

Det skein ei sol ivi Nivelkinn -
- dei skein ei sol
ivi svadir og hei,
ivi myrullflottir
der bjørkane små
sprikte på tuvun
og hjasan smatt
attom buskar og stein,
- der drøymde eg inn
i livans og daudt,
i æ'an som rann,
i fuglan som fauk,
i ljosflekkan langt atti skarv og fjell,
- den smilen du smilde ein gong.
I kjosir og løkjir,
i skuggen av vi'er
i nutan som skifte
frå svart til blått
- såg eg augaet ditt.

Det skin ei sol ivi Nivelkinn
- og sende sitt liv gjenom draumen min
- gjenom diktet mitt.
Og det diktet var du,
du var skapt av meg,
eg ha lengta deg fram
til eit liv for seg.

Den soli gladde - og Nivelkinn
låg i dikt og draum,
gleid i skuggen burt.
Skiggen var kald,
isande kald
og dreiv meg på veg
ifrå Nivelkinn.
- Den vegen var hard,
steinende hard.

Men soline sviv
og jordi driv,
det utenkte hender,
det daude tek liv.

Og ein dag vart du liv.
Du stod der på vegen
og smilde den smil
den eg ha lagt inn
i det skiftande ljos
i den svalande vind
i den vårfriske leik
uppi Nivelkinn.

Nei, det var ikkje draum
- det var liv, det var du.
Det var menneskjet, du.
So drøymd' eg kje lenger om Nivelkinn
for no såg eg bare på smilen din
og det brende seg inn
i hug og i sinn
at den smilen var min.
- I den ga du att
det eg skapte deg til
i draum og i dikt.

Ja, det skin ei sol ivi Nivelkinn -
- det var den gong, det -

Men det smilde eit men'skej
i mot meg ein dag.
Det er no - det er du.

Sjå skuggane svartnar
og vegane brattnar
men smilen din fylgjer
med stigi eg trør.

Kjelde: Aslaug Vaa, Dikt i utval, Noregs boklag, 1964, s. 69

Kommentarer