Dropen

av Tore Ørjasæter

Telen græt dogg i soli god
og leskar spira med linne.
Med det er doggdropen sjølv forløyst
til fridomen han vil vinne.

Dropen vart drope, eit liv forløyst
av telen som som heldt 'n fanga.
Og spira han frelste på fridoms veg
skal eingong i blom få anga.

Hans heilage liv var den linne lengt
mot sol gjenom kulde-eimen,
som anda or naudi innestengt
av dauden i duldeheimen.

Ja dropen kjenner dragnaden linn
med viljesviv kløkke og vâre.
Han føddest til livet og lagnaden sin,
som var at han måtte fare.

Han finn seg att i ei strøymen å
med tusund andre i fylgje,
som vil det same i samnads trå
og veks til ei vårfrisk bylgje.

Kjelde: Dikt i samling, Aschehoug, 1985, s. 265

Kommentarer