Ein stad å stå


av Jan-Magnus Bruheim

Berre ein stad eig vi heime –

Staden du trygt kan stå,
er berre e i n.
Er berre din eigen stad.

Dette er lovi
som gjeld og står fast:
Vil du vera frå andre stader,
blir du frå ingen stad.
Vil du vera ein annan
enn den du er,
blir du ingen.

Just ifrå staden din eigen
er vidast kringsjå,
av di at du kjenner staden
og veit kvar du står.
Der er det blånande fjell og tindar
så langt ditt auga kan timje,
så langt som din tanke når.
 
Kjelde: Dikt i utval, Skjåk kommune, 2014, s. 145

Kommentarer